Breakdance og skating på Vangen

Vossajassbox

Lyst å kasta deg på brettet midt i Skulegata midt på dagen? Dei som var på Tvildemoen under fjorårets Jassbox-arrangement kan gle seg til repetisjon av suksessen i år! Og for dei som høyrde gjetord om seansen, kan gle seg over å få sjansen på nytt – denne gongen midt i sentrum! Det vert skating og breaking for alle som kjenner seg kalla. Som i fjor har me fått inn forsterkingar frå Bergen by ved Stig Paa, Peewee og Actionman i tillegg til at Voss Brettlag, som held styringa. Det er berre å møta opp for påmelding i Skulegata 15.00 laurdag 28. mars.

Med atterhald om at arrangementet flyttar til Tvildemoen om vêret ikkje tillet uteskating.

Arrangementet varar frå 15.00-18.00

Del gjerne!