
Brasil på Voss
Silvana Malta serverte varme tonar og fengande rytmar då ho stod på scena i Vossasalen fredag kveld. Eit våryr publikum let seg forføre av ynde melankoli og ikkje minst frapperande gitarteknikk frå regnskogane i Brasil. Gitaristen Diego Figueiredo skuffa ikkje og heldt det VossaJazz hadde lova; liknande seksstrengs akustisk leik har ein sjeldan høyrt maken til! Stemninga frå scenen skifta mellom det lukkelege og utadvendte til det sarte og personlege. Silvana forsvann inn i tekst og melodi og synte ein nær kontakt til musikken som er hennar livsstil.
3. april 2009
Les meir om:
Artikkel under: