Bra frå Brunborg

tb_nett

Kun det beste er godt nok for ein vossing og når Tore Brunborg tar med seg unge musikarar for å komponere konsert så tar han med seg nettopp dei beste. Kirsti Huke som er kjend for sin eigen kvartett har skrive mesteparten av songane og med ein sterk vokal presenterte ho saman med resten av bandet musikk som var svært variert. Tonane frå bandet gjekk frå det mest rolege til harde rytmar frå trommeslager Gard Nilssen. Rune Nergaard som er kjend frå blant anna Bushmens Revenge og Humvee er svært stødig og god med det han driv med. Petter Vågan leverte vakre soloar og sist men ikkje minst Tore Brunborg spela saksofon og piano som berre det.

Del gjerne!