Billettsalet er godt i gang

Billettsalet er godt i gang det kan vera lurt å sikra seg billettar til Vossa Jazz no!

Merk spesielt at om du kjøper festivalpass eller dagskort er du sikra plass ved å kjøpa plassbillett til opningskonserten og Tingingsverket. Det same gjeld konsertane i Osasalen og kyrkja.

Festivalpass dagskort huskort og enkeltbillettar til dei fleste konsertane er i sal hjå Billettservice www.billettservice.no Posten Narvesen og 7-Eleven. Det same gjeld plassbillettar til opningskonserten og Tingingsverket.

Dersom førehandssalet tilseier det vil det verta sett opp to ekstrakonsertar; Badnajazz sitt tingingsverk “Eg è liten eg men eg vaoga meg” og Bjerkrheim-jazz begge sundag.