Bernhoft avsluttar Vossa Jazz med ein folkefest

Det var ei kokande stemning i den proppfulle Vossasalen då Noreg si venaste soulstemme, Bernhoft, kom for å avslutta årets festival. Med alt frå storarta soul og pulserande funk til blendande balladar og elegant country, varma han opp tilhøyrarane til ein ekstase som ein sjeldan får oppleva. Festen ville ikkje la seg stoppa sjølv om både golv og mikrofonstativ gav etter for Bernhoft sine dristige dancemoves. Han snirkla seg rundt på scenen som ein moderne Mick Jagger, og spelte soloar som Noreg sine ypperste musikarar kan sjå langt etter.

Bernhoft & The Fashion Bruises skapte ei overveldande avslutning på Vossa Jazz!

Del gjerne!