BERGEN BIG BAND & VANESSA PERICA
Storbandmusikk i verdsklasse!
Vanessa Perica er ein premiert komponist, arrangør og bandleiar basert i Melbourne, Australia. I 2023 var ho i Noreg for å spela si kritikarroste debutplate «Love is a Temporary Madness» saman med Bergen Big Band, og no er ho endeleg tilbake for å spela si nyaste plate «The Eye is the First Circle» på Vossa Jazz. Albumet har fått strålande kritikk frå magasin som Down Beat, All About Jazz og The Australian. Musikken hennar er beskriven som meisterleg og fantastisk med referansar til Maria Schneider, Thad Jones og Mel Lewis.
Bergen Big Band (BBB) blei skipa i 1991 og har som målsetjing å vera blant dei beste og viktigaste storbanda, både nasjonalt og internasjonalt. Undervegs har bandet samarbeidd med Diana Krall, Terje Rypdal, Nils Petter Molvær, Andy Sheppard, Marius Neset og mange fleire. BBB er stolte av å presentera ei kommande verdsstjerne på Vossa Jazz!
Konserten er i Gamlekinoen på sundag 13. april.