Balsamerte tonar og kraftfulle augneblikk

Eivind Austad er saman med Magne Thormodsæter og Håkon Mjåset Johansen  ein erfaren trio, men dei har nyleg gitt ut si debutplate og er på si fyrste vitjing på Vossa Jazz. Med eigeskreve materiale frå Moving var alt klart for konsert.

I dei melodiøse partia leia Johansen på  tromme og Thormodssæter på bass  oss roleg og trygt fram slik at Austad på piano kunne fylle øyra med balsamerte og sarte tonar. Samtidig var det også plass til meir energiske og kraftfulle augneblikk.  Under trommesoloen var det som om heile Osasalen skulle implodera i eit eklektisk høgdepunkt.

Alt i alt ein strålande konsert og me vonar Eivind Austad Trio både kjem fleire turar til Vossa Jazz og gir ut fleira plater.

Del gjerne!