Ballongferd

Tingingsverket (Foto: Ådne Dyrnesli/Vossa Jazz)
Tingingsverket (Foto: Ådne Dyrnesli/Vossa Jazz)

Tidleg laurdag kveld kunne Eirik Hegdal endeleg framføre Tingingsverket «Musical Balloon» i Vossasalen saman med sitt team av framifrå musikarar.

Hegdal byr på lystig og handlingsdriven musikk som får tankane på sporet av ei tapt tid – ein mørk jazzkjellar i New York tidleg på 60-talet, og samstunes ein bar i Americana county. Det er litt tivoli, litt teiknefilm. Direktøren for det heile kombinerer det frie og leikne med det tette og kontrollerte. Han styrer musikarane sine gjennom stadige og stødige taktskifte, og det er tydeleg at dei trivst på scena.

Samspelet mellom Hegdal og trompetist Eivind Lønning er så intenst og presist at ein skulle tru det skuldast telepatiske evner. Jon Fält driv musikken framover med framifrå trommespel (og litt lampeskjermspel), heftige utrop og eit leikande laussluppe kroppsspråk.

Og heilt til slutt – ein vals, der Nils Olav Johansens vakre røyst får setje punktum for det 37. Tingingsverket. Hegdal skal ha heider, han leverer eit verk som er Vossa Jazz verdig. Darling, save the last waltz for me.

Del gjerne!