Badnaparade og folkrockyndlingar

hoven_parade

Laurdagen  fekk ein høydare med parade for ungar i alle aldrar under den gjeve Badnajazz-parolen . Med utgangspunkt og mål på torget med konsert  på Tre Brør-trappa var det lagt ei gild ramme for  dette storvegse og  folkelege arrangementet fritt tilgjenge midt i Voss sentrum.

Dei svenske folkrockyndlingane i  Hoven Droven hadde fått i oppgåva å varma jazzpublikum ein litt småkjølig formiddag dette kunne dei knapt ha meistra betre. Med ei genuin speleglede og smittande humør var heile torget raskt  fyld med  store glis og spretne dansesteg  og  kvar ein regndrope måtte vika frå ein ljomande  Vozza Jazz himmel idag.     

 

Del gjerne!