Badnajazzkoret startar opp att!

Anne-Siri Bauthus og Olav Undeland leier koret og Trude Storheim er dreng. I år skal koret delta på små og store arrangement på Voss men dei viktigaste konsertane er Badnajolajazz 3.joledag (27.12.2014) og konsert under Vossa Jazz sundag 29. mars 2015.

Utover hausten vil koret byggja opp sitt eige repertoar av låtar under arbeidstittelen “Det musikalske huset”. Olav er komponist. Det vert ei samling enkle låtar som koret kan nytta på konsertar framover.