Badnajazz-prisen til Solfrid Himle

Les grunngjevinga her:

Badnajazz-prisen skal gå til ein person eller institusjon på Voss som arbeider med og for born og unge innafor musikk dans og drama. Prisen vert gjeven av Vossa Jazz og er på kroner 5.000 i tillegg til eit diplom med bilete laga av Ivar Kvåle.

Om årets vinnar vert det sagt at ho har ei glødande interesse for det ho held på med. Ynskje er at alle skal kunne få glede av – og innsikt i musikken. Heilt sidan 2007 har prisvinnaren vore aktiv innan kursing både privat og etter kvart gjennom kulturskulen. Mål for arbeidet er deltaking meistring oppleving og inkludering. Sosialt fellesskap og utvikling er bonusen som fylgjer med.

Prisvinnaren får denne heideren for sitt arbeid for og med born og unge med funksjonshemmingar og det arbeidet ho legg ned med mellom anna Supergruppo og etter kvart også Superjazz.

Det er ei stor glede for oss i Vossa Jazz å gje Badnajazz-prisen 2014 til Solfrid Himle.