Badnajazz-prisen til Olav Undeland

badnapris-adnedyrnesli1

Årets Badnajazz-pris gjekk velfortent til Olav Undeland. I grunngjevinga kjem det fram at årets vinnar har vore med og jobba for å gje born musikkopplevingar for av og med born i ei lang årrekkje. Her er det snakk om konsertar musikkverkstader paradar og mykje meir. Prisvinnaren har også stor kunnskap om musikk som han deler med ungar i alle aldrar både på jobben og i fritida.Han har vore med og arbeidd fram Badnajazz frå starten av og prega desse arrangementa med si blide evne til å ta godt imot små og store.Vossa Jazz gratulerer så mykje!

Del gjerne!