BadnaJazz opna med eit stort Catapluf

Foto: Runhild Heggem

Catapluf opna årets BadnaJazz med å ta med alle tilhøyrarane på ei jazzreise gjennom internasjonale lydbilete. Springande rundt, liggande på golvet, eller sitjande i armkroken til ho mor – ein fann ungar i alle krikar og krokar i Festsalen denne ettermiddagen.

Både barn og vaksne blei begeistra, og holdt ikkje tilbake då frontmann Adriano inviterte alle til å bidra med klapping, allsang og tramping. Fleira nytta høvet til å danse med musikarane då det heile nådde sitt klimaks i paradegang.

Me minnar om at det er fleire høve for å vitja BadnaJazz i morgon , med tre konsertar på Kulturhuset frå kl 12.00 og Jazzparade i Voss Sentrum kl 11.30.

Del gjerne!