Badnajazz: Lektor Bjerkes Orkester

Lektor Bjerkes Orkester syng og spelar berre kjekke songar. Dei likar å kle seg i stilige hattar og fargerike kle. På programmet står kjende og kjære barnesongar men mykje av musikken vert til undervegs. Musikarane veit å traktera instrumenta sine og har bakgrunn frå ulike stilartar både salmesong pling-plongmusikk bygderevy felegnikk og rock`n roll. Det er med andre ord duka for ei særdeles underhaldande stund på Mølstertunet! Det vert leik og moro med vanlege og uvanlege instrument – kjende songar i ny innpakning og tull og tøys i skjønn foreining. Kom tidleg – her vert det utselt på ein to tre!

Sigrid Moldestad – hardingfele og vokal
Anders Bitustøyl – bass og vokal
Sigbjørn Apeland – orgel og vokal
Øyvind Skarbø – trommer og vokal

 

English:
Lektor Bjerkes Orkester

Children’s program with aforementioned Sigrid Moldestad. This adventureous band present a mix of folk music jazz and a just a hint of madness. Bring your children og your inner child along!

Mølstertunet laurdag kl. 13:00. Billettsal under festivalen.

Produksjonen er eit samarbeid mellom Hordaland Fylkeskommune og Rikskonsertane.