Tora Augestad og dei fargerike supermusikantane tok med seg store og små publikummarar på ei reise djupt inn i den klangfulle kjensleverda, på borna sine premisser.
Glade, sinte, sure og triste klangar – spennvidda i musikken var stor, og tekstane til Ruth Lillegraven bora djupt ned i bornetankar og kjensleliv. Augestad si klåre røst, det stødige men leikne kompet og den framifrå koringa til solistane frå kulturskulen på Voss gjorde konserten til ei mektig musikalsk oppleving for store og små.