Badnajazz 1. oktober: Skakke sanger

Britt-Synnøve, John og Johan bur i ei rar verd. Her er det skummelt, men litt løye óg. Hekser, spøkelse, vampyrar og ei dansande krokodille er noko av det du møter på denne framsyninga. Vampyren har sjølvsagt transylvansk 7-takts musikk, og  krokodillen dampande zydeco frå sumpane i Louisiana. Men korleis trur du heksa sin musikk høyrest ut?

Konserten høver for alle, men born under 5 år bør helst ha eit kjent fang å gøyma seg i….

Britt-Synnøve Johansen
John Lilja
Johan Egdetveit

Voss ungdomshall laurdag 1. oktober kl 15:00.

Kjøp billettar hjå TicketCo, kr. 100,- inkl. gebyr. Born under 2 år gratis.

Del gjerne!