Både hipp og happ med Sean Bell’s Heptic Six

Kvifor halde seg til éin sjanger når ein kan lage ein framifrå og frisk miks av både jazz og pop med eit hint av elektronika i tillegg til eit snev orkestralt uttrykk?
Fordi det kan fort verte unaturleg og rotete tenkjer du kanskje?

Då kan Vossa Jazz med stor glede gjeve deg Sean Bell’s Heptic Six som eit bevis på at det slett ikkje treng å vere tilfellet, i det heile. Bandet på seks, med Sean Bell i front, på blant anna suveren vokal med imponerande falsettprestasjonar, leverte oss eit utval varierte låtar. Dei er ikkje redde for å halde intensiteten heilt nede på nokon av dei, med harmonisk og herleg samspel. Mens på andre av låtane var tilhøyrarane vitne til melodiøse komposisjonar som mødesam bygde opp til dramatiske klimaks.
Det var rett og slett ikkje noko som mangla, med stødige improvisasjonar på toppen av det heile.

Det var tydelig at både store og små høyrde etter med stor begeistring og beundring, i den fulsette Gamlekinoen.