I år baud Badnajazz på litt av ein tripp – frå himmelhøg romferd til underjordisk gravferd! Dei yngste vossajazzarane (og foreldra deira) vart tradisjonen tru utfordra med eit program som baud på både eksperimentell jazz og melodisk allsang. Den skal tidleg krøkast som god Vossajazzkrok skal verta!
Samstundes er det viktig å understreka at ein ikkje treng å vera fødd med saksofon i nevane for å ha noko på Badnajazzen å gjere!

Tradisjonen med Badnajazz
Badnajazz er nærast som ein eigen liten jazzfestival i jazzfestivalen å rekne. Heilt sidan årtusenskiftet har Vossa Jazz invitert dei yngste med varierande program – frå konsertar og parade til verkstadar og utstillingar. Badnajazz har til og med sitt eige Tingingsverk, kor profesjonelle musikarar samarbeider med Vossa Jazz sitt eige Badnajazz-kor. I år var det «Hala og pappa – med Rasmus Rhode og Marte Valle» som stod på prorammet, i samarbeid med Senja Barnefestival.

Romvesen og troll
«Hala og pappa» er ei forrykande konsertframsyning med Rasmus Rhode (kjend frå Rasmus og Verdens beste band) og Marthe Valle i «rollane» som romvesenet Hala og pappaen hennar. Forteljinga om dei to, som ein dag må naudlanda på ein framand planet og som følgje ser seg nøydde til å starta eit nytt liv der, er tydeleg allegorisk. Når alvoret likevel ikkje blir for tyngjande, heng det saman med den leikne og fengjande musikken og dei fargerike illustrasjonane publikumet heile tida kunne følgja med på. For ikkje å snakka om det heimesnekra og superspennande slagverket til Nasra Ali Omar, eller det imponerande Badnajazz-koret som verkeleg briljerte – og hausta velfortent trampeklapp!

Jazzmaur, mikrobar og meitemakk
Tingingsverket var ikkje den einaste programposten på årets Badnajazz. Signe Irene Time og bandet hennar inviterte nemleg òg publikum med «Under jorda», som den andre Badnajazz-førestillinga heitte. Korleis høyrer maur, mikrobar og meitemakk ut når dei arbeider med å laga molda vi alle er heilt avhengige av for å overleva? Det veit dei yngste vossajazzarande (og foreldra deira): Det høyrest skikkeleg bad ass badnajazza ut!
