Avantgarde-jazz og kontemporære impulsar

I ein time framførte kvartetten velstrukturerte improvisasjonar som ligg i kryssingspunktet mellom 1960-tals avantgarde-jazz og meir kontemporære impulsar. Trass i eit ganske lågmælt uttrykk heldt bandet publikum i ein tilstand av konstant aktsemd gjennom heile konserten. Seansen kjentes som ein musikalsk powernap: Etter ein time i eit ganske fritt musikalsk landskap var kropp og sinn oppildna og klar for meir musikk!