Atomic i Festsalen

Det var ein fullstappa festsal då jazzlegendene Atomic entra scenen for å starte si musikalske reise. Og for ei reise det vart! Blandinga av suverene kraftmusikarar og energi akkompagnert med heidundrande improvisasjon og full kontroll var reflektert i det hovudnikkande og lett trampande publikum og det gjekk gjetestord i gangane på Park Hotel Vossevangen om kor flott konsert det hadde vore.

Bandet er også bokstaveleg talt på reise dei kom rett ifrå Spania og skal no vidare til sambaens heimland Brasil der dei kjem til å hala fram med å varma mange hjarter med sine sjarmerande tonar.