AS IF ALL BOUNDARIES WERE GONE

Foto: Odin Drønen

“As if all boundaries were gone”, laud ei av dei fyrste linene under Tingingsverket 2015, Apokaluptein – The Uncovering. Og det var nettopp som om alle grensar hadde fordufta då Live Maria Roggen tok plass i Vossasalen i dag.

Roggen tok publikumarane med på ei reise gjennom forskjellige lydbilete, kjensler og stemningar, gjennom gleder og sorger, leik og alvor og orden og kaos. Fryktlaus gjekk ho inn på tema som død og menneskesmugling, til måpande andlet frå publikum. Roggen viste at ho, i tillegg til å meistre den vakre lettjazzen, har ein solid fot innom det eksplosive og storslåtte.

Ikkje berre framsynte Roggen og gruppa hennar ein musikalsk og lyrisk imponerande konsert – dei braut med alle forventningar og gav publikum eit tingingsverk dei seint vil gløyme.

Del gjerne!