Arne Hjeltnes

Arne Hjeltnes opna den 36. Vossa Jazz i rekkja med å framføre eit sjølvskrive dikt. Akkopagnert av Ivar Kolve på saksofon fekk publikum ei musikalsk og humoristisk oppleving dei ikkje kjem til å gløyme på ei stund. TRYKK PÅ BILETET FOR Å LESE ARNE HJELTNES SITT DIKT

VossaJazz

Midt mellom fjella der verda er vidast
Og Vangsvatnet speiglar gråsio klår
Blant silo og lembing i spelemannsbygda
No er det Jazz. No er det vår.

Jazzen er open og Voss er global
Farande folk i frå steppe og dal
Afrikanar og russar vaksdøl og sik
Og fire på sykkel frå Kinsarvik.

Brooklyn Bulkjen
Rio Rong
VossaJazz
trettisjette gong.

Backstage er catering-hove frå Løno
Eit svidd eit til kvar er vanleg rasjon
Den kan vera tøff vår tradisjon
Van Morrison stogga på Bulken stasjon.

I salen groovar sindig vossing
Kyten Himlen Lemmen
Ullestad og Tvilden
Trude Daffen
– Prikken Seim
Høyr den feite saxen
Kolven har tatt turen heim.

Steps ahead
blues and swing
Hit that horn
Pass the kling.
-Huckelberry Mosafinn

Ivar Kvåle Chick Korea
Ole Thomsen Robert Cray
Balke Brunborg
Dexter Gordon
Indrehus og Stevie Ray.

Kjenga full og boppen glad
På Park er veret alltid bra
Palmahelga år for år
Jazzen kjem til bygda vår
Men kjeme jazzen berre då
Eller er det her den kjem ifrå?