Argentinsk aften på Ringheim kafe

Libertango held vanlegvis til i Salzburg med lengre periodar i Buenos Aires. For kvelden har bandet forflytta seg til Noreg og Vestlandet og tek sikte på å sprita opp fredagskvelden på beste latinovis!

Gruppa har sitt musikalske utspring i Django Reinhardt tradisjonell tango Tango nuevo såvel som eigenkomponerte stykke av den meir improvisatoriske arten. Publikum får dosar av flamenco og fransk musette innimellom dei hjarteskjærande argentinske tangoane som kan fylla augo med tårer og setja blodet i brann.

Gjer dekan klar for ein lidenskapeleg kveld med virtuose musikarar og heftige rytmar!

Sigrid Gerlach Waltenberger: trekkspel
Sabine Linecker: Kontrabass
Michael Brandl : Gitar

Ringheim kafé fredag 10. september kl. 22:00.
Kr. 100 billettsal i døra. 

Les meir: http://www.myspace.com/libertangosalzburg#ixzz0wUZ8KaVu