Årets Vossa Jazz-pris til Thea Hjelmeland

Foto: Ådne Dyresli, VossaJazz

Den 28. Vossa Jazz-prisen er gjeven av Hordaland fylke. Prisen er på kr. 30.000,- og i tillegg eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat laga av Kristin Austreid.

Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren.

Vossa Jazz-prisen har opp gjennom åra markert det beste som finst av jazzmusikarar i fylket. Her frå grunngjevinga:

Årets prisvinnar er ein hardtarbeidande musikar, komponist og tekstforfattar. Sjølv om hovudinstrumentet er vokal, beherskar vinnaren eit utal andre instrument. Vinnaren har samarbeidd med ulike musikarar og innan ulike sjangrar.

Det er ein målretta musikar som det siste året har gitt ut eit personleg album som har motteke strålande kritikkar både i musikkpressa og blant publikum. Inspirasjon til musikken hentar prisvinnaren både frå eige kjensleliv og via impulsar frå det store utland. Leikenheit og improvisasjon er  grunnleggande eigenskapar for musikken som vert laga.

I år fekk ho Spellemannpris i klassen indie for sitt andre album «Solar Plexus».

Den 28. Vossa Jazz-prisen går til THEA HJELMELAND.

Del gjerne!