Årets Vossa Jazz-pris til Sigrid Moldestad!

vj_pris

Årets Vossa Jazz-pris gjekk til musikaren Sigrid Moldestad. Prisen vart delt ut av fylkesvaraordførar Mona Hellesnes på vegne av Hordaland Fylke. Prisen er på kr.30.000 – og i tillegg eit trykk av årets Vossa Jazz- plakat laga av kunstnaren Elin Brissman.

I grunngjevinga kom det fram at prisen skal gå til den frilans musikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren.< og lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen. Juryen gler seg over å sjå at det gror godt i  musikarmiljøet og at fylket fostrar nyskaping og sterke stemmer.

Årets prisvinnar har dei siste åra vore tydeleg til stades i kryssingspunktet mellom folkemusikk viser popsongar og jazz og har motteke fleire prisar.

Siste året har ho fått sitt definitive gjennomslag som soloartist    med sitt særeigne uttrykk fengande melodiar og gode tekstar.

Juryen ser på prisvinnaren som eit godt symbol på sjølve Vossa Jazz-sjela med sin energi vilje og evne til å kryssa sjangrar og den 25. Vossa Jazz -prisen går til:

Bandleiar og komponist songar og felespelar

Sigrid Moldestad.

 

Del gjerne!