Årets Vossa Jazz-pris til Mari Kvien Brunvoll.

pris

Årets Vossa Jazz-pris gjekk til musikaren Mari Kvien Brunvoll. Prisen vart delt ut av fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen på vegne av Hordaland Fylke. Vossa Jazz-prisen er gjeven av Hordaland Fylke. Prisen er på kr.25.000 – og i tillegg eit trykk av årets Vossa Jazz- plakat laga av kunstnaren Laurie Grundt.

«I grunngjevinga kom det fram at prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som og at me i fylket fostrar nyskaping og sterke stemmer.

Årets prisvinnar har siste året særlegmarkert seg som ein nyskapande musikar og kan seiast å ha fått sitt internasjonalegjennombrot i 2010.

Prisen går til ein artist som trass ungalder har utvikla ei særeigen stemme noko som har gjeve attljod både nasjonalt og internasjonalt. Prisvinnaren er for juryen også eit gledeleg døme på at jazzlinja på Griegakademiet lukkast.

Me har høyrt ho på scener både her og i utlandet og ho er eit samtaleemne i festivalkrinsar og mellom journalistar og publikum.

Den 24. Vossajazzprisen går til

Mari Kvien Brunvoll 

Del gjerne!