Årets festivalkunstnar er Axel Vindenes og me har den gleda å presentera plakaten for Vossa Jazz 2025.
Festivalkunstnar 2025
Axel Sverke Vindenes (f. Bergen, 1986) er frontfigur og vokalist i Bergensbandet Kakkmaddafakka (som har spelt 3 gonger på festivalen). Sidan 2013 har han arbeidd med olje på lerret, der han måler befriande lett, spontant og leikent, og han er ikkje redd for å prøve uvanlege fargar og fargekombinasjonar. I motiva ligg mykje glede over livet, akkurat som Axel gjerne formidlar med hele seg. Motiva er ofte frå Bergen eller Oslo, eller frå ein bynær fjelltopp. Gleda og entusiasmen hans smitter over på oss. Det er også gjerne ein frigjerande sorglaus stemning i Vindenes sine motiv. Denne «tilværelsens letthet» vert forsterka gjennom motivkretsen: Eit triveleg, litt gamaldags kjøkken med katten på en stol, ei solrik, koseleg gate i gamle Bergen, eller eitt kjent landemerke under en tur i parken. Skuldrene senkast og pusten går roleg under disse inntrykka frå «a walk in the park», men det er også rom for ein underliggjande melankoli i produksjonen.
«Eg har alltid hatt eit varmt forhold til Voss og Vossa Jazz. Det har vore ei stor ære å ha spelt på festivalen tre gonger med bandet mitt Kakkmaddafakka. Den gong var det ei viktig oppleving, og i dag – mange år seinare – er det ei like stor ære å sjå at Voss er mellom dei første i landet til å omfamna kunsten min, denne gongen i form av maleria mine.»
Opning av kunstutstillinga er fredag 11. april i kjellaren på Voss kulturhus.
