Årets Badnajazz-pris til Leif Rygg

Leif Rygg

Badna Jazz-prisen skal gå til den personen eller institusjonen på Voss som arbeidar med og for born og unge innafor musikk dans og drama. Prisen vert gjeven av Vossa Jazz og er på kroner 5000 samt eit diplom med bilete laga av Ivar Kvåle.

Om årets vinnar heiter det at han har ei glødande interesse for det han held på med. Han ynskjer at alle skal kunna få kunnskap og innsikt i musikken.  Han er ein av Norges fremste innan sitt instrument og sjanger. Han har også brukt mykje krefter på å formidla vidare kunnskapen han sit med!

Heilt sidan 70-talet har årets vinnar vore aktiv innan kursing både privat og innan lagsarbeid i bygda. Han var tidleg ute med nye tankar om opplæring og var innovativ og samlande i sitt arbeid med formidling. Han har framleis faste elevar kortare kurs og konsertopplegg. Han tek imot elevar i alle aldrar for undervisning og rettleiing der han syner stort tolmod. Han har også vore oppteken av å skaffe gode instrument – i nokre tilfelle finansiert av eiga lommebok om det trongst!

Prisvinnaren får denne heideren for sitt arbeid for å vidareføra musikkgleda til nye generasjonar!

Det er ei stor glede for oss i Vossa Jazz å gje Badna Jazz-prisen 2012 til Leif Rygg.

Del gjerne!