Apekattar i det ytre rom

Inger Seljestad

At piano strengt tatt er eit strengeinstrument, synte Spacemonkey til fulle, då Morten Qvenild gjekk laus på flygelstrengane under konserten i Osasalen i dag laurdag kl 13.00.

Ein konsert som gjekk rett på med bånn gass flygelelektronica. Ein fullsett Osasal bråvakna.
Ein ståande Qvenild med elpiano-forsterka flygel i fylgje med Gard Nilssen i fri dressur på trommene. Hardtslåande start på ein konsert som etter ei tid gjekk ut i det ytre rom med eit vart og repeterande tema. Publikum nikka med hovudet, tok seg ein liten kvil, før det atter bar av garde i rytme og lydstyrke.

Førehandsomtala med stikkorda «tøff og skjør i skjøn foreining» gav eit perfekt bilete av det reelle lydbiletet.

Del gjerne!