Anekdote-meisteren

07grappa_eggum_nr12

Den største overraskinga under konserten med Jan Eggum var nok at Karin Park tok turen opp på scena for å synge ein av sine Eggum-favorittar. For elles var det akkurat slik det skulle vere på ein Eggum-konsert. Kjente og kjære melodiar kom på løpande band berre avbrote av små historier som artisten meir enn gjerne delte med publikum.

Nok ein gong viste Eggum seg som ein stor humorist og historieforteljar. Humoren er lun og knusktørr og saman med dei mange hitane skapte det ei svært så triveleg stund for eit lokale som var fullstappa med folk nesten opp til taket.

Del gjerne!