Andektig andremann

Foto: Vossa Jazz/Odin Drønen
Foto: Vossa Jazz/Odin Drønen

Gamlekinoen søndags kveld. Tre hundre og femti i dei raude plysjseta. Heilt knyst. «Eg stend, eg, seddu. Eg stod her i fjor og, seddu.» Henrik Mestad sin Olav H. Hauge-monolog «Den andre mannen i meg» bergtok publikum frå fyrste, perfekte linje. Dei vare saksonfonlydane frå tonemeister Trygve Seim understreka stemningane på mektig vis.

Og førestillinga vart stilt ekstra store forventningar til, då den vart avlyst i fjor grunna sjukdom. Vart forventningane innfridd? Den overveldande, spontane ståande ovasjonen med jubeltilrop og hoiing tala for seg sjølv. Kom gjerne tilbake – me stend her, me, seddu!

Del gjerne!