AND NOW FOR SOMETHING COMPLETELY DIFFERENT!

Gamlekinoen fungerte som perfekte kulissar då Skadedyr opna med kravlande spøkelsesaktige lydar som tatt ut av ein David Lynch-film. Etter kvart opna større landskap seg og det skulle vise seg at det ellevemannssterke bandet hadde eit breitt spekter å spele på. Brå og leikne overgangar der ein snutt av Like a Roling Stone via Prodigys Firestarter og vidare til eigne psykedeliske utskeiingar pirra øyra. Med ein gjeng som oste speleglede og musikalsk overskot var det vanskeleg å ikkje ha det storvegs inne på nattkinoen. Helvete så gøy dei må ha det på øvingane sine tenkte ein i sitt psykedeliske sinn og gleda seg over at dei ville dele snopet med publikum òg.