Amanda Bergman kjem til Vossa Jazz

Foto: Julia Mard

AMANDA BERGMAN 

Dronninga av bittersøt melankoli 

Svenske Amanda Bergman si varme røyst har rørt og underhaldt menneske verda over – både som soloartist, og som vokalist i superbandet Amason – saman med medlemmer frå Dungen og Miike Snow. Solokarriera hennar fekk luft under vengjene i 2016 med debutplata Docks. Sidan då har ho kjøpt bondegard i Dalarna, sloppe tre album med Amason, vore hovudpersonen i dokumentar på SVT, og opplevd nok kriser til å fylla plate nummer to – som endeleg kom i 2024 – med djupt ærlege og inderlege tekstar. Ver budd på motgang og livets store spørsmål frå Skandinavias fremste confessional singer-songwriter. 

Amanda Bergman spelar i Gamlekinoen fredag 11. april.

Del gjerne!