Alo Vera – kortreist kjempetalent!

Foto: Alo Vera

ALO VERA 

Kortreist kjempetalent! 
 
Alina Leira – vokal, gitar, synth 
Sigurd Steinkopf – trommer, vokal 
Sondre Styve – bass, vokal 
William Fauskanger – synth 
 
Som bandleiar og komponist har Alo Vera – eller Alina Leira om du vil – med seg eit knippe råsterke musikarar i eit eksperimentelt poplandskap, ein mektig miks av synthar og kontrabass i lange, instrumentale strekk, lidenskaplege vokalharmoniar og ein jazzete rytmeseksjon. Kvar og ein krydrar lydbiletet og gjer konsertopplevinga til noko unikt. I november debuterte Alo Vera på Vill Vill Vest, etter å ha gjeve ut sin første singel «The Beginning» i april, og den andre, «Tsunami», i oktober. Progressiv pop du ønskjer aldri tar slutt. 

Konserten kan du sjå i Ungdomshallen fredag 11. april.

Del gjerne!