Allsong på Pentagon

Sondre Lerche (Foto: Iver Finne/Vossa Jazz 2017)
Sondre Lerche (Foto: Iver Finne/Vossa Jazz 2017)

Sondre Lerche har Pentagon i si hule hand frå fyrste tone denne laurdagskvelden på Vossa Jazz. Han starta med låta Soft feelings der han syng «I’ve got so much love to give» – og det viser han til gagns. Lerche er energisk, karismatisk og fengjande. Han rockar, jazzar, dansar og croonar, og på eit tidspunkt får han heile Pentagon til å bli med på allsong. Med seg har Lerche eit superband som består av Alexander von Mehren på tangentar, Chris Holm på bass og David Heilman på trommer. Sistnemnte bidrog også med amerikansk-bergensk rap på hiten «Øynene lukket», og det vart ikkje akkurat dårleg stemning av det. Som Lerche sjølv spør: Vossa Jazz – e dåkkar med? Svaret er eit rungande JA!

Del gjerne!