Alle som har langt hår – opp og hopp!

 

Årets Badnajazz var eit gedigent kinderegg: poesi song og eventyr! Først ut på programmet var tildelinga av Badnajazzprisen som gjekk til Solfrid Himle. Då applausen var lagt seg var det tid for oppvarming og snart hadde kamppoet Guro Sibeko fått heile salen til å hoppe opp og ned.

 

Skuleungdom frå Voss framførde dikt og små historiar laga tidlegare i veka med hjelp av noregsmeister i kamppoesi Taro. Folkemusikar Sigrid Moldestad song og spelte fele med ingen ringare enn det fantastiske Badnajazzkoret i ryggen. Unge som gamle vart sjarmert i senk og forlét Vossasalen med digre glis. Med oss ut på Vangen tok me Guro Sibeko si formaning: Utan kjærleik går det ikkje!