AKTUELLE SPELLEMENN TIL VOSSA JAZZ

Sudan Dudans «Inntil i dag» er nominert i klassen Folkemusikk/tradisjonsmusikk og me er svært stolte over at Karin Krog og John Surman si innspeling av Tingingsverket til Vossa Jazz i 2010 «Songs about this and that» er nominert til Årets beste jazzplate.

I klassen Jazz er det fleire av dei nominerte som tek turen til Voss i april: Både Arve Henriksen og Atomic skal spela på den 41. festivalen. Ein annan kar me gler oss til å høyra på Voss er Stein Torleif Bjella; han er nominert både i klassen Viser og Årets tekstforfattar. Me ynskjer alle dei nominerte lukke til!