Akrobatisk parringsleik i vindtunnellen

Vindtunnellen på Tvildemoen vart åstad for ein heilt unik kombinasjon av akrobatisk luftsport og smakfullt trommespel på laurdag. Gard Nilssen er ein av dei beste og mestspelande trommisane på den norske jazzscena. Her fekk publikum sjå han utfalde seg heilt fritt – dei einaste bandmedlemma var fykarane Martin Kristiansen og Rune Aspvik som flaug i tunnellen. «Flaug» er ei underdriving: Dei byksa, spratt, fauk, glei, svevde, flaksa, rulla og spann om kvarandre i ein heidundrande akrobatisk «parringsleik» som saman med den fantastiske tromminga skapte ein underhaldande og dynamisk audiovisuell oppleving for store og små jazzarar.