Agalause AURORA

AURORA (foto: Vossa Jazz/Maiken Larsen Solholmvik)
AURORA (foto: Vossa Jazz/Maiken Larsen Solholmvik)

Som eit av dei store trekkplastera til årets Vossa Jazz, var det høge forventningar til AURORA på laurdagskvelden. Ho innfrir så til dei grader.

Ein ivrig publikummar ropar «Eg elske deg!» før fyrste låt og showet er i gang. O store Aurora. Ho eig scena og stirar oss alle djupt inn i sjela. Popdronninga frå Os dansar over heile scena og med si klokkeklare røyst gjev ho publikum nett det dei vil ha. For det er ikkje til å legge skjul på at AURORA er ein verdsartist. Allikavel formidlar ho låtane sine til tilskodarane, mest som om det er fyrste gong dei vert framført. Det er unikt og storslagent, og ein sjeldan kvalitet.

«Det er noko spesielt med å opptre på bygdene. Tenk, me kan køyre heim!,» utbryt ho etter fyrste låt, og inviterar med det til ein konsert med heimekoseleg stemning. Det kjennest mest som me er invitert inn i stova til hennar og ho byr på ein konsert som treff Vossa Jazz-publikumet djupt i magen.

Del gjerne!