Ævelege jazzhender og musikalske disiplar

Foto: Odin Drønen/Vossa Jazz
Foto: Odin Drønen/Vossa Jazz

Publikum hang over rekkverket på galleriet i ei fullsett Vangskyrkje, i det Mathias Eick bles dei fyrste tonane ut i kyrkjerommet. Under ein målarisk blå himmel, med lodne skyer og nakne kjerubar, kom små vare musikalske mirakel trillande på ei snor.

Publikum sat som nyfrelste disiplar, under den store Jazzmessias (Miles) og forkynnaren hans (Mathias).

Frå korset sitt, trygt plassert over jazzistane – og med ævelege fastnagla jazzhender – fulgde Jesus kvar ein tone med sitt vare og vakne blikk. Og det hadde nok rykka godt i dansefoten hans, om det ikkje var for at fotblada var nagla fast.

Del gjerne!