Aboriginsk americana frå Raknes!

Stillhouse (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)
Stillhouse (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)

Me gjekk inn i det me trudde var Gamlekinoen, men det synte seg fort at det var ein klassisk amerikansk diner midt på den Australske prærien. Det var kaffi, sigarettrøyk og kanskje ein tår moonshine. 

Steinar Raknes trakterte kontrabassen som ein gammal oldsmobile, medan han song om gamle nabolag som om han aldri hadde gjort noko anna. Den ofte tostemte vokalen med ei fortreffeleg Unni Wilhelmsen kunne ikkje godt bedre heim hjå dei mange oppmøtte.

Bandet opna ballet med allsong til stor glede for dei oppmøtte, før dei følgde opp med ein hymne til tvillingane til Raknes – Marcus og Martinus som han valde å kalla dei. Han viste òg at ein ikkje treng meir enn ein kontrabass og vokal med ein låt som var eit resymé av aboriginsk livsvisdom.

Dette var americana i god stil, ispedd jazz og den ovanfornemnde livsvisdommen.

Del gjerne!