Å setje tonar til skog og vidde

Foto: Ådne Dyrnesli

Tømmerhoggaren og poeten, Hans Børli får sjølv innleie In The Country og Frida Ånnevik si tonesetjing av lyrikken hans. Det vert brått stille i den til randen fulle festsalen i det stemma til Børli på eit gamalt lydopptak fortel om si skrivebordlause tilvære som ein tenar av skogen.

Eit landskap av skog og vidde i solnedgang vert måla i tekst og tonar, men òg naturen si meir brutale og ville side vert spegla av mektig, sjelerystande perkusjon. Ånnevik si stemme er den mjuke vinden som fører tankane gjennom lauv og bar og riv lett i det einsamt ståande strået.

Hedemarksdialekta med sine runde kantar pakkar tilhøyrarane inn i eit meditativt teppe. Her kan dei nyte naturen, musikken, orda og einsemda. Saman. I Børli si ånd.

Del gjerne!