4 kjappe: Transportsjefen

Berit Reppen Lorentzen

Kva er ditt fyrste minne frå festivalen ?
Fyrste gongen eg var på Voss, i 2002, jobba eg som vakt. Eg skulle sitje i døra på Stationen og sjekke band og billettar medan Kniv og Taffel spelte. Det er ikkje så uvanleg at vossingane går ut noko seint på jazzen, men her virka det som at alle hadde kome ein time for seint, og dei var ikkje særskilt blide over å ikkje få med seg konserten. Det som viste seg var at festivalbulletinen hadde annonsert at Kniv og Taffel var utsatt med ein time, men det skjedde ikkje likevel. Klassisk festivalproblem frå den papirbaserte tida!

Kva er din rolle i Vossa Jazz?
Eg leiar transportdepartementet. Vi er dei som syt for at artistar som skal ha transport til og frå flyplassen kjem seg dit dei skal til rett tid på ein trygg og komfortabel måte, med ein rein og fin bil. Eg sett opp turane på førehand og koordinerer det meste som må endrast undervegs, medan Jens, den fabelaktige bilparksjefen, har kontroll på bilane.

Kva gler du deg mest til i år?
Eg gler meg til å treffe alle dei gode medarbeidarane, både gamle som nye! Det er like fantastisk kvart år å sjå kor grundig og omsorgsfullt dei frivillige gjer jobben sin, og kvar gong det kjem inn ein søknad til transporten jublar eg litt, anten inni meg eller ganske høgt, litt avhengig av kor eg er og kor uglesett det er å hoppa opp på bordet og ta ein liten dans.

Fire kjappe om Vossa Jazz!
Beste medarbeidarane!
Velsmurt maskineri!
Topp energinivå!
Kjempemoro!

Berit Reppen Lorentzen

Del gjerne!