4 kjappe: Ruth Lillegraven

1.       Fortel om di beste konsertoppleving i 2015:
Eg hadde vore på bibliotekbesøk på Sandnes bibliotek med 6 publikummarar til stades då ein bekjent i Stavanger inviterte meg til å bli med på Ida Jenshus-konsert på Tou Scene. Eg hadde då ikkje høyrt så mykje på Jenshus, men kvifor ikkje – eg hadde jo ikkje anna å gjere, og blei med. For ei dame! For ei stemme! For ein konsert! Og for eit lokale! Var ein euforisk forfattar som sveva inn på hotellet den kvelden. Kvelden etter var eg – planlagt – på Sivert Høyem-konsert i Oslo. Så det var sjeldant gode konsertdagar i livet til ei småbarnsmor.

2.       Kva gler du deg til i år?
For eigen del gler eg meg til å spele Soga om Seselja på Vossa Jazz, – sjølvsagt, til å vere festspeldiktar på Dei nynorske festspela i juni, sleppe heile tre bøker til hausten, og ikkje minst til å samarbeide med Benedicte Maurseth om eit nytt konsertopplegg basert på den nye diktboka mi. Men eg håpar også at eg får med meg mange gode konsertar sjølv – helst langt fleire enn det har vore dei siste åra. Og så håpar eg det blir like fint sommarver som for to år sidan, med mange bad i Granvinsvatnet og helst nokre fine turar på fjella kring.

3.       Kva må folket få med seg på årets Vossa Jazz?
AH, det ser ut til å vere SÅ mykje bra på programmet. Eg får i allfall lyst til å få med meg Susanne Sundfør, Gabriel Fliflet, Tord Gustavsen og Simin Tander, Bernhoft and the fashion bruises – ja, og helst mange fleire. Får sjå kva barnevaktane i Granvin tillet:)

4.       Kvifor er  Vossa Jazz så spesiell? 
Musikken, folka, staden, påskestemninga, den lange tradisjonen – ALT!

Del gjerne!