4 kjappe: Produsenten

Nils Erik Auth

Kva er ditt fyrste minne frå festivalen?
Då eg var 11 år og var medarbeidar i Idretshallen. Fyrste vakta fekk eg passa på døra der artistane skulle komma inn. Såg ingenting og høyrde svært lite. Ein kompis fekk draumejobben og gjekk blant publikum med ei halvfull flaske vatn og bad folk stumpe sigaretten.

Kva er din rolle i Vossa Jazz?
Produsent i Vossasalen. Jobben består i hovudsak i å planlegge og syte for at me held tidsplanen for lydprøvar, omrigg på scene og til slutt og viktigast, konsertar. Heldigvis med god hjelp av eit kobbel av flinke medarbeidarar og teknikarar.

Kva gler du deg mest til i år?
I år gler eg meg til mykje. Sidan rolla mi er slik den er, så får eg ikkje med meg så mykje anna enn det som er sett opp i Vossasalen, men der har me mykje knall på programmet. Mitt høgdepunkt vert nok Susanne Sundfør, med Bernhoft på ein god andreplass. Eg gler meg også til å oppleva Tony Allen for fyrste gong, tingingsverket og sjølvsagt til å sjå kva gjengen i Finn Erix finn på denne gongen.

Fire kjappe om Vossa Jazz!
Skjerf, (U)rytmisk dans, godt humør og hymne på lur.

Nils Erik Auth

Del gjerne!