4 kjappe: Pressesjefen

Lars Finborud

Kva er ditt fyrste minne frå festivalen?
Då eg var trettan år spelte eg med gruppa «Hot Stuff» i eit gult telt i Vangsgata. Det var ei stor oppleving! Det må ha vore på 30års-jubileet til Vossa Jazz i 2004. Me var akkurat komne i stemmeskiftet den gongen – litt problematisk når ein covrar Neil Young!

Kva er din rolle i Vossa Jazz?
Som pressesjef har eg ansvar for å skriva programtekstar og presseskriv, organisera plakatopphenging, oppdatera sosiale mediar og halde kontakt med avisar, tv og tidsskrift som vil dekkja Vossa Jazz. Utfordrande, men heldigvis har eg Trude Storheim, Kari Trana og tidlegare pressesjef Brit Aksnes i ryggen!

Kva gler du deg mest til i år?
Eg gler meg til å sjå kva frivilliggruppa mi skriv om konsertane. Skribenten bak den mest blomstrande, levande og fengjande konsertomtalen får «Superlativprisen» når festivalen er slutt – eg håpar på mange verdige bidrag! Elles gler eg meg til Jazzland Night og konserten med Tony Allen.

Fire kjappe om Vossa Jazz!
Kvalitet, eldhug, mangslungen, nynorsk.

Lars Finborud

Del gjerne!