4 kjappe: Finn Tokvam

Foto: Monica Santos Herberg

1.       Fortel om di beste konsertoppleving i 2015?
Sir Ragnar Hovland på Den Norske Pappvinfestivalen Papp15 i Flåm i juli. Hovland og ukulelen hans gav nytt liv til Kraftwerk, Yazoo mfl.

Sir Paul McCartney i O2 i London i mai. Nær tre timar med perler frå Beatles, Wings og soloplatene hans. Eit strålande orkester, og ein overraskande sprek McCartney.

2.       Kva gler du deg til i året som kjem?
Har ikkje for vane å glede meg så mykje. Prøver sjå mørkt på det meste. Men ser fram til Vossa Jazz, og håpar Dag Helleve har brygga.

3.       Kva må folket få med seg på årets Vossa Jazz?
Kåre Kolves Interactions blir årets konsert på Vossa Jazz.

4.       Kvifor er  Vossa Jazz så spesiell?
Dette er den festivalen eg først fekk inn i blodet på mange vis, sidan eg gjekk på gymnas på Voss. Har mange magiske minner frå Palmehelga på Voss. Enkelte av dei inkluderer musikk.

Del gjerne!