4 kjappe: Den tilsette

Kari Trana

Kva er ditt fyrste minne frå festivalen?
Eg var på Pentagon med vener ein gong på slutten av åttitalet, men ante ikkje kva Vossa Jazz var – og hugsar ikkje kva konsert vi var på. Uvitande tilreisande… Etter å ha budd på Voss eit par år vart eg styremedlem og frivillig på transportkontoret. Fantastisk kjekt!

Kva er din rolle i Vossa Jazz?
Eg er ein av to fast tilsette og jobbar difor med festivalen heile året. Festivalhelga har eg vakter på administrasjonskontoret og elles hjelper eg til rundtomkring.

Kva gler du deg mest til i år?
Eg gler meg til å få jobba med alle dei supre frivillige som gjer at vi kan skipa til denne kanonbra festivalen, Vossa Jazz er ein diger dugnad. Eg gler meg til kriblinga i kroppen, folkelivet og den gode musikken.

Fire kjappe om Vossa Jazz!
Travelt –
det er ei hektisk helg.
Stolt – eg er stolt av Vossa Jazz og over at dette er jobben min!
Kjekt –
så masse kjekke folk!
Vår –
Vossa Jazz = våren kjem!

Kari Trana

Del gjerne!