Kva er ditt fyrste minne frå festivalen?
Mitt fyrste minne frå Vossa Jazz er at eg jobba i garderoben på Park. Me var ein vennegjeng som åt smågodt og hadde det skøy, interessa for jazz kom fyrst seinare…
Kva er din rolle i Vossa Jazz?
Eg er sjef på billettkontoret, her sel me *trommevirvel* BILLETTAR! Men ikkje nok med det, her sel me også framifrå flotte t-skjorter og andre Vossa Jazz-effektar.
Kva gler du deg mest til i år?
Det vert ein skikkeleg travel laurdag føre- og ettermiddag i år. Fyrst vil eg skrangla i Badnajazzparaden med guten min på 10 månader. Så vil eg i Osasalen å få med meg Soga om Seselja med Ruth Lillegraven, Ranveig Djønne og Tuva Syvertsen som eg trur vert knallfint. Og så må eg ein tur i Gamlekinoen å høyra på Gabriel Fliflets nyskrive verk Rose.
Fire kjappe om Vossa Jazz!
1) Verdas 2) aller 3) finaste 4) festival
Ingrid Neståas Mathisen