3 x 3 nostalgiske hurra

The Last Hurra(h)!! (Foto: Ådne Dyrnesli/Vossa Jazz 2017
The Last Hurra(h)!! (Foto: Ådne Dyrnesli/Vossa Jazz 2017

HP Gundersen har tromma i hop eit deileg komp fjellstøtt som Grand Canyon. Bandet The Last Hurra(h)!!, saman med Maesa Pullmann (US), gjer Pentagon om til ei amerikansk bule der publikum får lov å drøyma seg vekk i deileg hestejazz. Musikken er insisterande, aldri forlangande, men trengjer seg fram som ei roleg og kjenslesterk elv av nostalgisk americana. Den såre og lengtande vokalen saman med den melankolske steelgitaren gjer at publikum også lengtar til opne, amerikanske draumelandskap. Her er det humor, her er det driv. Konserten vert runda av i ein ekstatisk folkrock-symbiose som publikum veit å setja pris på. Eit band i storform gjev seg, saman med publikum, over til nostalgitrippen, og sjølv om me er attende i tid, er me så til grader her og no.

Del gjerne!